onsdag 9. desember 2015

Snømann i riveteknikk (collage)

I 1. klasse har vi laga snømann i riveteknikk. Det vart mange ulike snømenn med kvar sin personlegdom. Elevane teikna først ein del av sirkel på arket sitt. Deretter reiv dei opp småbitar av kvitt ark og limte inn. Så reiv dei opp munn og nase i svart papir og klipte ut ei nase i oransje papir. Her måtte dei rettleiast i kor plassere nasen (kor er nasa i ansiktet ditt?). Når dei var ferdig med den delen fekk dei øve seg på  å lage snøkrystaller med blyant på eit ark. Då fokuserte eg på retning og form. Ein rett strek ned, ein rett strek bortover, to skrå streker. Når dei hadde fått det til så fekk dei teikne inn på sjølve bildet sitt og dekorere snøkrystallane der. Vi har laga ein liten ustilling i klasserommet vårt og der skal dei henge til våren kjem:-)

Elevarbeid.
LÆRINGSMÅL:
Eg skal lage eit bilde av ein snømann i riveteknikk.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Design: Lage enkel gjenstander og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette.

Riv og lim.





Elevane måtte øve seg på å teikne stjerner før dei fekk teikne dei på bildet sitt.

Elevarbeid.

Elevarbeid.
MATERIALE: Blått, kvitt, svart og oransje papir, kvit oljekritt, limstift, kvitt passepatour.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar